Invitasjon til Vårbløyta
9. februar 2016
Velkomen til Vårbløyta. Det vert seminar, middag, foredrag og regatta.
Ran Seilforening har gleda av å invitera til Vårbløyta på Hjeltefjorden.
Reglar
ISAF`s kappseillingsregler 2013-2016 (RRS). Det vert segla i NOR Rating med og uten spinnaker samt doublehanded. Regattaen er underlagt tryggleikskategori 6.
Program
Lørdag 23. april
North U Regattaseminar 10.00 -17.00 ved Thomas Nilsson og Christen With i klubbhuset
1000-1230 Teori: førebuing, trim, polardiagram
1230-1300 Lunsj: servering av suppe og brød
1300-1600 Båthandtering, kryss, unnavind, setting og berging av spinnaker
1600-1700 Spørsmål og diskusjon
Påmeldingsavgift regattaseminar: kr 300,- pr deltager.
Påmeldingskjema til seminaret finn på denne linken
Seilforedrag med middag etterpå laurdag kveld
Kl. 1900 vert det eit spanande foredrag med Thomas Nilsson:
Båten Camper kjem til Vestlandet under Shetland Race i juni. Thomas fortel om båten, havsegling og storbåtlaget Wolfpack.
Etter foredraget vert det middag i Ran sitt klubbhus, mat frå Fana Catering: husets gryte med ris, salat, dressing, brød, smør. Antall må tingast på førehand. Pris 150 kr/pr/person for middag. Ta med det du vil drikke sjølv. Etterpå: sosialt i klubbhuset og høve til overnatting i Ranheim. 100 kr pr/pers/natt.
Påmeldingskjema for overnatting i Ranheim finn du på denne linken
Sundag 24. april
1000 Rormannsmøte i Klubbhuset
1030-1130 Høve til riggtuning på kaien ved Christen With & Thomas Nilsson
1200 Fyrste varselsignal. Faste merker, baneområde vert Hjeltefjorden med start og mål ved Anglevik.
Under regattaen vil Christen With & Thomas Nilsson filma.
Servering av suppe og brød ved innkomst i klubbhuset
Visning av video med kommentarer etter seglasen ved Christen With & Thomas Nilsson
Sosialt og premieutdeling
Regattakontor
Regattakontoret er i klubbhuset til Ran Seilforening og har fylgjande opningstider:
Sundag 24. april kl. 10.30 til 11.15.
Etter seglasen er regattakontoret ope til ein time etter protestfristen.
Påmelding og informasjon
Startkontingent er kr. 300. Påmeldingsfrist: torsdag 21. april 2016. Båtar som melder seg på etter påmeldingsfristen må betale dobbel startkontigent. Påmeldinga til regattaen skjer her i SailRace-system.
Seglingsvedtekter og klasseinndeling vert publisert seinast fredag 22. april klokka 18.00.
Spørsmål i samband med regattaen regattaen kan rettast til Kjell Magnus Økland (95 04 67 39)
Velkomen til Ran Seilforening og Vårbløyta 2016!
Du finn pdf med invitasjonen på denne linken
10 nyeste påmeldinger
NOR 178
Sigurd Boasson
NOR 12700
Carl Olav Wickmann
NOR 11873
Bernt Svendsen
NOR 14447
Torvald Fossestøl
NOR 14443
Henrik Julius Nilsen
NOR 9000
Willy Berg Larsen
NOR 9701
Inge André Utåker
NOR 4352
Gordon Wright
NOR 14930
Stein Olav Drange
NOR 12144
Jan Vidar Nordstrand