Ran Eintype Regatta streamer seglasane
12. september 2014
Ran Eintype Regatta utvidar tilbudet og vil i år ha to baneområder å tilby seglarane. Påmeldinga har no passert over 20 båtar. Sjå infofilm om streaminga.
Utanom livestream frå det eine baneområdet vil det verta tracking via mobilapp'en RaceQs, og arrangøren satsar på å knipsa flittig med stillbilete og seglarane kan posta instagram-bilete undervegs: #rer-14
Dei mindre båtklassane vil få ein bane som ligg nær Ran Seilforening sitt anlegg i Anglevik. Dei større klassane vil segla på ein bane i Hjeltefjorden/Hauglandsosen. Dette grepet er gjort for å minka ventetida mellom løpa, minka transportseglinga for dei mindre båtane og ta omsyn til at slørebåtar og lensebåtar på same bane ofte kan føra til komplikasjonar i tette merkerundingar.
RAN Eintype Regatta opnar med foredrag fredag kveld om segling i eintypefelt, rormannsmøte og sosialt. Laurdag vert det inntil 6 løp, suppe ved innkomst og stor seglarfest om kvelden. Sundag vert det inntil 4 løp, mat ved innkomst og premieutdeling. Alle seglasar er fleet race på pølsebane, 2 krysslegg og 2 lenselegg.
Les meir info på
http://www.seilmagasinet.no/regatta?regatta=1416