Vinnarane av årets regattaserie har fått sine pokalar
5. november 2024
På evalueringsmøtet om Hjeltefjordtrimmen i RAN den 5. oktober vart også premiane delt ut til vinnarane i dei ulike klassane.
I den opne klassen var det tre premiar som skulle trekkjast mellom dei 10 båtane som hadde delteke, der kvar båt fekk antal lodd etter kor mange seglasar dei hadde fullført.
Dei som vann premiane var:
Robert Johansen i "Båten"
Nick Toynbee i "Ikaros"
Øivind Fjeldsbø i "Mio 2"
Ingen av dei tre var til stades på møtet, men vil få premiane via andre som var der.
Gratulerer til desse, og til dei som fekk premie i dei tre andre klassane. Kven dette er, framgår av resultatlista.
Det var femten personar til stades på møtet, og vi hadde ein interessant diskusjon om kva som er bra, og kva som kan bli betre i neste års regattaserie.