Karl Otto Book vil snakka om seilplan, polardiagram og Nor Rating
Snøføyka: foredrag fredag kveld
11. februar 2015
Fredag kveld vert det sosial samling og foredrag med Karl Otto Book i Ran Seilforenings klubbhus.
Fredag 13. februar klokka 1900 vert det foredrag i Ran Seilforenings klubbhus. Karl Otto Book frå Elvstrøm Sails vil snakka om seglplan, polardiagram og Nor Rating. Det vert lett servering, gjennomgang av vèrmelding og seilingsbestemmelser.
Etteranmeldings-kontingent:
Snøføyka
Ran Seilforening har gleda av å invitera til regatta på Hjeltefjorden laurdag 14. februar 2015. Seglasen er med i VinterCupen 2015.
Reglar
ISAF`s kappseillingsregler 2013-2016 (RRS). Reglane for Vintercupen 2015. Det vert segla i NOR Rating med og uten spinnaker samt doublehanded. Regattaen er underlagt tryggleikskategori 5.
Tidsprogram og baneområde
Fyrste varselsignal vert gitt klokka 12.00. Baneområdet vil vera Hjeltefjorden med start og mål ved Anglevik. Etter seglasen vert det sosialt samvær, varm suppe, bilete frå regattaen på storskjerm og premieutdeling for regattaen i Ran Seilforening sitt klubbhus.
Regattakontor
Regattakontoret er i klubbhuset til Ran Seilforening og har fylgjande opningstider:
Laurdag 14. februar kl. 10.00 11.00.
Etter seglasen er regattakontoret ope til ein time etter protestfristen.
Påmelding og informasjon
Startkontingent er kr. 300. Påmeldingsfrist: torsdag 12. februar 2015. Båtar som melder seg på etter påmeldingsfristen må betale dobbel startkontigent. Påmelding og annan info om regattaen finn du via www.ranseil.no, der seglingsvedtekter og klasseinndeling vert publisert seinast fredag 13. februar klokka 18.00.
Oppvarming fredag kveld
Fredag 13. februar klokka 1900 vert det foredrag i Ran Seilforenings klubbhus. Karl Otto Book frå Elvstrøm Sails vil snakka om seglplan, polardiagram og Nor Rating. Det vert lett servering.
Spørsmål i samband med regattaen Snøføyka kan rettast til Leif Jørgen Ulvatne (95 11 95 25)
Velkomen til Ran Seilforening og Snøføyka 2015!