
Takk for i år
19. september 2025
Årets Hjeltefjordtrim er over, og resultatlista er no endeleg. Årets premieutdeling, i regi av Askøy Seilforening, vil finna stad under "open dag" hos Seilmaker Iversen 16. oktober.
I turklassen er det i år berre ein båt som har kvalifisert seg for trekningspremie (må ha delteke i minst tre seglasar i serien) så trekninga var enkel: Premien går til Horn.
I klassen Fleirskrog var det også berre ein deltakar og ein premie: Den går til Odonata.
I klassen Liten båt var det seks båtar som kvalifiserte seg, og det blir to premiar, som går til Båtenvår og Shiraz.
I klassen Stor båt var det fem båtar som kvalifiserte seg, så også her blir det to premiar, til Himlaleite og Jølle.
Premieutdelinga vil føregå under "Open dag" hos Seilmaker Iversen på Frekhaug 16. oktober, sjå invitasjon og påmelding under menyen "For deltagerne". Dei som får premie skal få ei påminning pr epost.
Takk for i år! Kom attende neste år, og få med deg endå fleire i båten og endå fleire båtar på fjorden!
Helsing arrangørstaben
10 nyeste påmeldinger

NOR 11175
Nic Eland
NOR NN
? ?

NOR 16389
Wilhelm Torsvik

NOR 14692
Inge Bø

NOR 35
Håvard Dale

NOR 3806
Erik Karlsen

NOR 15648
Håkon Magne Fjæreide

NOR 16307
Marianne Abrahamsen

NOR 12793
Kjetil Monsen

NOR 4827
Øyvind Skoge