Yngling-NM: Forlenga påmeldingsfrist
1. september 2016
Sidan det ved ordinær påmeldingsfrist for Yngling-NM "berre" er 15 båtar påmeldt (og det trengst minst 20 båtar for å oppnå NM-status), er påmeldingsfristen forlenga til 14. september.
Med dette vert òg påmeldingsavgifta for Yngling-NM frå no av heva med 100 kroner, ny avgift = 600 kr.
Etter 14. september vert denne heva til 1000 kr.