HAVNEPLASSER I FORBINDELSE MED ASKØY RUNDT
Informasjon til eigarar av havneplassar i samband med Askøy Rundt.
Laurdag 20.august er datoen for vår tradisjonsrike regatta Askøy Rundt. Som i fjor er dette no ein eindagsregatta med målgang vest for Ramsøy, med påfylgjande seglarfest med sosiale aktivitetar på Seilsportsenteret.
Gjestande båtar frå regattaen vil verta anvist til å fortøya ved ledige havneplassar, samt ved brygga langs land - mellom A- og B-brygga.
Båtar som har havneplass på sørsida av A-brygga og norsida av B-brygga kan difor ikkje forventa å koma til eller frå sin havneplass i tidsrommet laurdag 20.august frå omlag kl.15 og til søndag 21.august ca kl.12.
Båtar som deltek i regattaen og som har havneplass i dette området, informerer havneansvarleg for Askøy Rundt om dette når dei kjem tilbake til seilsportsenteret etter målgang.
For dei båteigarane som veit at dei har ledig havneplass denne helga, så er det fint om dei melder i frå på SMS til havneansvarleg Askøy Rundt, Per Holmedal, 90768921.