SPZ Seilmakeren Doublehanded 2019
Bli med på vårens tøffaste regatta på Vestlandet!
I år som i fjor blir regattaen utan pitstop. Regattaen går framleis i kjende farvatn for dei fleste vestlendingar, med start ved Askøy, deretter runding av Ramsholmane på Sletta og til slutt målgang i Lerøyosen.
Regattaen vert litt kortare enn då han gjekk til Haugesund - men tøffare fordi ein ikkje får kvila i pitstop. Me håpar og trur at det er mange erfarne og gode seglarar som her vil visa seg fram. Endå kjekkare vert det når me får med seglarar frå aust-, sør- og nordvestlandet i denne flotte seglasen.
Velkomen til den 15. utgåva av vår tradisjonsrike doublehanded-regatta!