Hovudsponsoren har meir å by påPremiar frå hovudsponsor

Hovudsponsoren har meir å by på

20. mai 2022

Som det tidlegare er gjort greie for, så kan alle deltakarar i årets Seilmakeren Doublehanded fram til regattaen går av stabelen handle hos Seilmaker Iversen sin butikk eller nettbutikk med 20% rabatt. Men vår hovudsponsor har også meir å by på.

Treng du som er påmeldt handle inn noko til båten før regattaen, så får du, som før nemnt, 20% rabatt hos Seilmaker Iversen. Ei nyhetssak om dette har tidlegare vore publisert her på framsida, og vilkåra finn du også i dokumentet «20% hos Seilmaker Iversen» som ligg under menypunktet «For deltagerne». Men i tillegg inneheld sponsoravtala både kontantar til Askøy Seilforening og finansiering av dei vanlege premiane til dei beste båtane i kvar klasse. Men her skal det handle om kva Seilmaker Iversen elles har å by deltakarane i høve regattaen.
Sjølv om det ikkje er vanleg å rekne ut ein «overall» vinnar i regattaene våre, er det jo alltid ein båt som basert på utrekna tid er den beste på tvers av alle klassane. Og denne gongen vil dei to seglarane av denne båten bli premiert med kvar sin Musto BR2 jakke, påført logoane til Seilmaker Iversen og Elvstrøm Sails AS, og påskrifta «Vinner av overall Seilmakeren Doublehanded 2022».
Ikkje alle kan vinne klassesiger eller overall. Men alle får ein sjanse til å få ein premie likevel; for hovudsponsoren tilbyr også nokre premiar som kan vinnast etter loddtrekking, eller på andre måtar som arrangøren finn det høveleg. Av slike premiar kan nemnast reparasjonssett i seilmakertaske, Spinlock Lite+ redningsvest, spleisesett og bagar med overraskingar oppi.

Og til trøyst for alle dei som verken vinn premie basert på dyktighet eller flaks, vil kvar båt få eit minne om regattaen likevel, i form av eit handlenett med to luer og to T-skjorter. Dette vil bli delt ut under registreringa.
Tidspunktet for regattaen nærmar seg, det er på tide å gjera alvor av det du kanskje har tenkt på lenge; å melde båten din på årets Seilmakeren Doublehanded!

10 nyeste påmeldinger

Nordhordland Seilforening

NOR 15003

Anders Langøy

Bergens Seilforening

NOR 10921

Pål Holst

Bergens Seilforening

NOR 10844

Kjell Ove Klungrehaug

Askøy Seilforening

NOR 12133

Stein Håvard Bergstad

Ran Seilforening

NOR 12577

MATS MÆLAND

Bergens Seilforening

NOR 16035

Per Højgaard Nielsen

Ran Seilforening

NOR 3639

Juraj Palenik

Stord Seilforening

NOR 12514

Jørund Fjøsne

Ran Seilforening

NOR 15553

Bård Singstad

Bergens Seilforening

NOR 11357

Henrik Wigers Larsen

Hovedsponsor:

Sponsorer:

Arrangører:



Last updated: 2022-11-07 23:37:58Cache read