Flagg eller ikkje flagg, det er spørsmålet!Sponsorflagg

Flagg eller ikkje flagg, det er spørsmålet!

31. mai 2022

Ved alle tidlegare Seilmakeren Doublehanded har det på premieutdelinga vore utdelt raude, gule og blå flagg med eit, to, eller tre segl i, til alle som fullfører for tredje, femte og tiande gong.

Desse kunne ein føra neste gong ein deltok i regattaen og såleis visa at ein var ein «veteran». Det var i utgangspunktet Seilmagasinet som organiserte dette, og betalte for flagga. No har vi ikkje fleire att av desse flagga, og regattakomiteen fann ikkje økonomi til å kjøpa nye i år. Så i år vert det diverre ikkje flagg til dei som gjer seg fortent til det. Men arrangøren vil notera seg kven som skulle hatt flagg i år, og dersom vi i løpet av tida fram mot neste regatta finn ei løysing for innkjøp av nye flagg, vil vi neste år dela ut til dei som skulle hatt i år.
Men det blir eit flagg i akterstaget i år også (sjå biletet over); hovudsponsoren vår kjem med sponsorflagg som alle må føra under regattaen, og desse er utforma slik at dei kan brukast om att, så vi slepp «bruk-og-kast-flagg» denne gongen. Vi vil derfor gjerne at alle leverer inn flagget etter regattaen, eller tek godt vare på det om dei veit at dei skal starta også neste år.

10 nyeste påmeldinger

Nordhordland Seilforening

NOR 15003

Anders Langøy

Bergens Seilforening

NOR 10921

Pål Holst

Bergens Seilforening

NOR 10844

Kjell Ove Klungrehaug

Askøy Seilforening

NOR 12133

Stein Håvard Bergstad

Ran Seilforening

NOR 12577

MATS MÆLAND

Bergens Seilforening

NOR 16035

Per Højgaard Nielsen

Ran Seilforening

NOR 3639

Juraj Palenik

Stord Seilforening

NOR 12514

Jørund Fjøsne

Ran Seilforening

NOR 15553

Bård Singstad

Bergens Seilforening

NOR 11357

Henrik Wigers Larsen

Hovedsponsor:

Sponsorer:

Arrangører:



Last updated: 2022-11-06 22:42:11Cache read