Seilmaker Iversen hovudsponsor også i 2023

Seilmaker Iversen hovudsponsor også i 2023

12. desember 2022

Askøy Seilforening er glade for at Seilmaker Iversen er med som hovudsponsor av Seilmakeren
Doublehanded også i 2023

Som tidlegare år har vi gleda av å ha Seilmaker Iversen med på laget, med alle dei fordelene det inneber både for oss som arrangørar og dykk som skal segla. Vi kan satsa enda meir for å oppretthalda denne regattaen som den viktigaste og største shorthandedregattaen på vestlandet, og dei påmelde kan nyta godt av ulike tilbod frå Seilmaker Iversen, mellom anna det å få 20% rabatt på lagerførte tilgjengelege varer både i nettbutikken og i butikken på Frekhaug, fram til regattaen. Merk at tilbudet ikkje gjelder elektronikk. Etter kvart som seglarane melder seg på, vil dei få utdelt ein kampanjekode som dei kan nytta i nettbutikken. Dei som melder seg på allereie no, kan altså handla julegåvene i år til 20% rabattert pris! Går du inn på nettbutikken til Seilmaker Iversen https://netthandel.seilmakeren.no/m/3/hovedsiden vil du snart, i menyen øverst, finna ei mappe kalla «Sikkerhetsutstyr». I den vil du finna mykje av det utstyret du treng for å segle i sikkerhetskategori 3. Vi har også laga ei sjekkliste, som ligg under menypunktet «For deltagerne» her på regattasida, som listar utstyr som trengs for å segla i sikkerhetskategori 3. Den lista kan vera mangelfull, så alle seglarane må sjølv lese gjennom World Sailing Offshore Special Regulations,
som de finn her: https://www.sailing.org/inside-world-sailing/rules-regulations/offshore-special-regulations/ Ikkje minst fordi krava som er lista der ikkje berre omfattar utstyr, men også kvalifikasjonar seglarane må ha. Om du handlar i butikken på Frekhaug er du sjølv ansvarleg for å opplysa at du er påmeldt regattaen og skal ha 20% rabatt. Om du handlar i nettbutikken brukar du den tilsende rabattkoden, og skriv også båtnamnet i kommentarfeltet.

10 nyeste påmeldinger

Bergens Seilforening

NOR 11102

Morten Fotland

Bergens Seilforening

NOR 13509

Torvald Fossestøl

Bergens Seilforening

NOR 15038

Pål Holst

Bergens Seilforening

NOR 10844

Kjell Ove Klungrehaug

Bergens Seilforening

NOR 14865

Nina Rosenlund

Askøy Seilforening

NOR 35

Håvard Dale

Seilforeningen 1928

NOR 11073

Stig Gard Paulsen

Milde Båtlag

NOR 6874

Jon Hardie

Stavanger Seilforening

NOR 14202

Anders Gjesdal

Ran Seilforening

NOR 15553

Bård Singstad

Hovedsponsor:

Sponsorer:

Arrangører:



Last updated: 2023-12-17 20:30:06Cache read