Det blir deltakarflagg i år!Slik vil dei nye deltakarflagga sjå ut

Det blir deltakarflagg i år!

19. mai 2023

Etter fleire år med "flaggtørke" blir det nye deltakarflagg i år, også til dei som gjorde seg fortent til flagg i 2021 og 2022.

Heilt sidan denne regattaen starta opp i 2005 har vi vilja gjera litt ekstra stas på dei som stiller opp og fullfører, år etter år. Så lenge Seilmagasinet var inne som sponsor for regattaen var dei dei som både finansierte flagga, heldt rede på kven som skulle ha, og delte dei ut under premieutdelinga. Då seilmagasinet trekte seg ut, fekk vi som arrangørklubb overta både restopplaget av flagg og eit digert rekneark med oversikt over kven som hadde fullført kvart år. Flagga kom i tre valørar; raudt flagg med eit segl for tre fullførte seglasar, blått flagg med to segl for seks fullførte, og gult flagg med tre segl for dei som hadde fullført 10 gonger. «Veteranane» segla gjerne regattaen med desse vimplane under salinga.
I 2019 byrja flagga ta slutt, og grunna vanskeleg økonomi såg ikkje ASF seg i stand til å kjøpa nye flagg. Men både dette året og i 2021 og 2022 (i koronaåret 2020 var seglasen avlyst) har vi halde rede på kven som skulle hatt flagg. Men i år kan vi, takk vere vår hovudsponsor Seilmaker Iversen, igjen dela ut flagg. Og vi har også planar om at dei som skulle hatt flagg i 2019, 2021, og 2022 skal få dette i år, om dei er interesserte, dvs om dei stiller opp på premieutdelinga etter årets seglas, eller signaliserer at dei er interesserte men ikkje har mulighet til å stilla opp på Askøy Seilsportsenter denne dagen. Vi har også vald å utvida med eit fjerde flagg, som markerer 15 fullførte regattaer, fordi tre seglarar no har gjort seg fortent til dette!
Kven er det så som fortener flagg men ikkje har fått? Lista nedanfor gir ei oversikt:
Raudt flagg: Kristian Bekkenes, Terje Gilje-Sørnes, Anders Gjesdal, Jan Butler Wang, Robin Ørnsrud.
Blått flagg: Stein Håvard Bergstad, Kjell Ove Bruås, Jens Åge Ellingsund, Willy Forland, Harald Gellein, Jon Hardie, Stein Arne Kvåle, Espen Reiss Mathiesen, Bård Singstad, Stian Soltvedt, Petter Sørhaug.
Gult flagg: Harald Gjøsæter, Per Højgaard Nielsen, Henrik Julius Nilsen, Terje Rise, Torkjell Tolo, Inge Andre Utåker, Carl Johan Wickmann, Trond Wickmann, Magne Aalen.
Grønt flagg (nytt flagg, for 15 fullførte seglasar): Knut Erik Hjort, Kjell Ove Klungrehaug, Harald Matland.
I tillegg skal sjølvsagt dei som etter årets regatta har gjort seg fortent til flagg, få dette under premieutdelinga.

10 nyeste påmeldinger

Bergens Seilforening

NOR 11102

Morten Fotland

Bergens Seilforening

NOR 13509

Torvald Fossestøl

Bergens Seilforening

NOR 15038

Pål Holst

Bergens Seilforening

NOR 10844

Kjell Ove Klungrehaug

Bergens Seilforening

NOR 14865

Nina Rosenlund

Askøy Seilforening

NOR 35

Håvard Dale

Seilforeningen 1928

NOR 11073

Stig Gard Paulsen

Milde Båtlag

NOR 6874

Jon Hardie

Stavanger Seilforening

NOR 14202

Anders Gjesdal

Ran Seilforening

NOR 15553

Bård Singstad

Hovedsponsor:

Sponsorer:

Arrangører:



Last updated: 2023-12-04 20:34:39Cache read