Direkte-nyheter
VEL BLÅST og takk for denne gong!
26. mai 2018 - 17:11:27
Då takkar me for oss i denne 14.utgåva av Norgeshus Seilmakeren Doublehanded.
Resultat og tracking finn de her på regattasida.
Fylg oss gjerne på vår eige facebookside "Norgeshus Seilmakeren Doublehanded", der vil me etter kvart dela mange flotte bilete som er tatt under denne regattaen. Men aller fyrst lyt me få landa og få oss litt søvn.
På vegne av regattakomiteen for NSDH 2018, Giske Berland.
GULT FLAGG for 10 regatta
26. mai 2018 - 17:07:58
Stig Gard Paulsen
Ove Gullbrå
Pål Holst
BLÅTT FLAGG for 6 gjennomførte regatta
26. mai 2018 - 17:06:39
Matt Kallenberg
Frode Tveranger Haugland
Kjetil Knudsen
Hans Steinsland
Petter Ankjær-Jensen
Nina Rosenlund
Kjell Hansen
Steinar Hansen
Arvid Høgelid
RØDT FLAGG for 3 gjennomførte regatta
26. mai 2018 - 17:04:41
Bent Danielsen
Jon Hardie
Monika Christensen
Anne-Gurine Folgerø Gjøsæter
Bård Singstad
Frode Rønning
Willy Forland
Øyvind Fjeldsbø
Jarle Vika
Ole-Jørgen Michelsen
Leif Martin Drange
Sebastian Lie Strømme
Bjørn Rundhovde
Arne Øi
Harald Gellein
Premievinnarar i største klassen
26. mai 2018 - 17:02:25
Nr 1 WINOCEAN, Carl Olav og Carl Johan Wickman
Nr 2 LILLEFIX, Morten Sola og Bent Danielsen
Nr 3 LNX-SHADOWFAX, Bård Fjeldaas og Morten Noranger
Nr 4 SHEEP DIP, Kjetil Knudsen og Kjell Ove Bruås
Nr 5 AMARYLLIS, Inge Andre Utaker og Stein Håvard Bergstad
Premievinnarar i den minste klassen
26. mai 2018 - 16:56:38
Nr 1 MATHILDA, Bjørn Rundhovde og Arne Øi
Nr 2 MARILD, Stig Gard Paulsen og Matt Kallenberg
Siste båt er i mål!
26. mai 2018 - 12:42:05
Då er MISS MARIANNE, med skipper Jarle Vika og makker Bjørn M.Andersen, i mål på årets Norgeshus seilmakeren doublehanded regatta. Førebels ser det ut som dei har klart ein 4.plass i den minste klassen.
Med dette har skipper Jarle Vika fullført 3 regatta og vil få utdelt det raude flagget på premieutdelinga.
Nest siste båt har passert mållinja
26. mai 2018 - 12:36:28
Då er TAYO med Otto Hægland og Ove Gullbrå endeleg i mål. Om dei klarar 3.plassen i den minste klassen vil visa seg når me får MISS MARIANNE i mål.
Med dagens regatta så har Ove Gullbrå fullført 10 regatta og vil dermed få utdelt det gule flagget på premieutdelinga i ettermiddag.
Sola skin og blide seglarar er tilbake på seilsportsenteret!
26. mai 2018 - 12:02:19
Bård Fjeldaas og Morten Noranger frå Trondhjems seilforening er med for fyrste gong i denne regattaen. Me fekk eit par ord med dei på kaien i stad.
PREMIEUTDELING i dag kl.16:00
26. mai 2018 - 11:57:01
Velkomen til premieutdeling for Norgeshus Seilmakeren Doublehanded 2018, i dag kl.16:00, i 2.etasje i servicebygget på Askøy Seilsportsenter.
Premievinnarar i mellomste klassen
26. mai 2018 - 11:24:33
Nr 1 VANDAL, Bård Singstad og Rasmus Tørnquist
Nr 2 MISS HELEN, Frode Rønning og Paul Paulsen
Nr 3 MITHRANDIR, Harald Gellein og Ragnar Skjølingstad
Nr 4 TIGERGUTT, Pål Holst og Pål Njølstad
Nr 5 VITO 4, Nina Rosenlund og Petter Ankjær-Jensen
Nr 6 FS 2 , Jan Vidar Nordstrand og Torvald Fossestøl
Hei ALLE deltakarar!
26. mai 2018 - 11:14:06
Regattasjefen minnar om at tracker'ane må leverast tilbake! Så de som ikkje kjem til seilsportsenteret med båten dykkar, ver grei å ta dei med til premieutdelinga seinare i dag!
For dei av dykk som har starta på returen (bl.a. nokre Stavangerbåtar): Putt dei i ein konvolutt og send dei med posten til Norsk Maritimt Forlag måndag morgon!
MATHILDA har tatt teten
26. mai 2018 - 11:06:56
MATHILDA med skipper Bjørn Rundhovde og Arne Øi har gått over mål og tatt teten i den minste klassen, framføre MARILD.
Held dette seg så vil det sei at desse har bytt plass i forhold til i fjor der MARILD gjekk av med sigeren.
MARILD fyrst over mål i den minste klassen
26. mai 2018 - 11:03:28
MARILD med Stig Gard Paulsen og Matt Kallenberg kom fyrst over mål i den minste klassen, med MATHILDA like bak. Så kven vert vinnar?
LAPSAUS & PREMIEUTDELING
26. mai 2018 - 10:56:12
Varm lapskaus vert servert til alle seglarane når dei kjem til havn her på seilsportsenteret.
Endeleg tidspunkt for dagens premieutdeling vert fastsett når me har resultat/vinnarane av den minste klassen over mållinja.
Trøytte men blide seglarar i RUBBERDUCK
26. mai 2018 - 10:52:22
Morten Offerdal og Ole-Jørgen Michelsen er tilbake på seilportsenteret etter endt seglas.
OBELIX på veg mot mål
26. mai 2018 - 09:49:04
Seilmakeren-veteran Knut Erik Hjorth og makker Hans Steinsland i OBELIX er på veg mot mål. Knut Erik har no fullført sin trettande seilmakeren-regatta.
MARILD og MATHILDA kjempar "side om side"
26. mai 2018 - 09:32:41
Teten i den minste klassen ligg no midt i Korsfjorden - og har nok ein god time før dei er i mål. MARILD med Stig Gard Paulsen og Matt Kallenberg kjempar "side om side" med Bjørn Rundhovde og Arne Øi i MATHILDA om leiinga.
25 båtar er kome i mål
26. mai 2018 - 09:25:09
Neste me ventar inn over mållinja er NOR-11341 LEVENS, med skipper Willy Forland og Kenneht O.Aase.
22 av 37 båtar har passert mållinja
26. mai 2018 - 08:55:28
Ein av desse er KILROY med brødrene Kjell og Steinar Hansen frå Nordhordland seilforening. Dei har kome i mål tili ein førebels 9.plass i den mellomste klassen.
X-FAKTOR i mål til førebels 6.plass
26. mai 2018 - 08:52:28
Harald Matland og Torkjell Tolo i X-FAKTOR er i mål til ein førebels 6.plass i den mellomste klassen. Det vil sei at VANDAL framleis held leiinga.
BLUES frå Stord Seilforening har passert mållinja
26. mai 2018 - 08:09:38
BLUES er ein ny båt i seilmakeren samanheng. Her seglar skipper Frode Dybvik og mannskap Are Pedersen - og dei er kome i mål til ein førebels 11.plass i den største klassen.
LNX-SHADOWFAX i mål til 3.plass
26. mai 2018 - 07:58:21
I den største klassen er seilmakeren doublehanded debutantane frå Trondheim i mål til 3.plass. Bård Fjeldaas og Morten Noranger seglar ein lånt båt.
Førebels resultatliste viser at WINOCEAN leiar den største klassen, framføre LILLEFIX på andre og no då LNX-SHADOWFAX på tredje.
VANDAL har tatt leiinga
26. mai 2018 - 07:47:22
VANDAL med Bård Singstad og Rasmus Tørnquist er i mål og har tatt leiinga i den mellomste klassen føre MISS HELEN.
Medan MITHRANDIR med Harald Gellein og Ragnar Skjølingstad har kome over mål til ein førebels 3.plass.
TIGERGUTT er i mål som fyrste båt i den mellomste klassen
26. mai 2018 - 07:35:52
TIGERGUTT med Pål Holst og Pål Njølstad frå Bergens Seilforening er i mål som dei fyrste i den mellomste klassen. Like bak kom MISS HELEN med Frode Rønning og Paul Paulsen - og dei har teke leiinga føre TIGERGUTT.
RUBBERDUCK og AMARYLLIS i mål
26. mai 2018 - 07:26:29
Ole-Jørgen Michelsen og Morten Offerdal i sin Express 40 er i mål. Kjenner me dei rett så skulle dei vel ynskt å ha kome i mål litt tidlegare.
Inge Andre Utåker og Stein Håvard Bergstad i AMARYLLIS er i mål til ein førebels 3.plass i den største klassen
SERENITY og LILLEFIX er kome i mål
26. mai 2018 - 07:15:45
NOR-12141 SERENITY med Fridtjof Bergmann og Oliver Machell er kome i mål til ein førebels fjerdeplass, medan NOR-9280 LILLEFIX med Morten Sola og Bent Danielsen har gått i mål til ein førebels andreplass.
CHABLIS i mål!
26. mai 2018 - 06:48:58
CHABLIS med Ole-Erik Lerøy og Henrik Julius Nilsen har passert mållinja. Dei har på den siste biten nærma seg ZORRO, men til kva plassering vil dette bli til slutt?
WINOCEAN i mål!
26. mai 2018 - 06:40:53
Far og son Wickmann i WINOCEAN har som vanleg segla sterkt på slutten - og har no overteke leiinga i den største klassen. Vil dette halda til slutt?
ZORRO har passert mållinja!
26. mai 2018 - 06:32:50
Som fyrste båt har Stavangerbåten ZORRO no passert mållinja. Dei neste som er på veg er WINOCEAN og CHABLIS.
Kl.05:15: Dei fyrste båtane nærmar seg mållinja
26. mai 2018 - 05:17:23
ZORRO ligg framleis fyrst i feltet, men med mindre margin enn tidlegare i løpet og er no nede på ein 9.plass i den største klassen. Her leiar LILLEFIX, medan WINOCEAN har segla godt og er no oppe på 2.plass - tett fylgt av AMARYLLIS.
VANDAL har teke leiinga i den mellomste klassen, fylgt av MISS HELEN på andre og no TIGERGUTT på tredje.
I den minste klassen har det ikkje endra seg så mykje i toppen, her ligg framleis MATHILDA på fyrste plass. MARILD har andre plassen, medan BÅTENVÅR no har tredje.
Ny dag, nye muligheter!
26. mai 2018 - 05:02:14
Nå satser vi på Herr Offerdals termisk, seier Knut-Erik Hjorth og Hans Steinsland i OBELIX.
TIGERGUTT ved Møkster
26. mai 2018 - 04:59:15
Og gjennom natta har TIGERGUTT segla seg godt oppover til ein førebels 2 plass i den mellomste klassen. Men enno endrar ting seg fort.
Bilde er motteke i halv 4 tida i natt.
Langsom ferd mot natt...
25. mai 2018 - 23:39:48
OBELIX melder om ei langsom ferd mot natt.
Ut frå trackinga ser me at dei har vind, då var det verre for dei som låg langt ute og dei langt bak i feltet. Der var dei heilt stille ei stund.
TAYO var på tråden og kunne melda om at dei dreiv bakover, i staden på fram. Det ser ut som at ein liten prat med nokon annan enn makker Ove var det som skulle til, for no har dei fått fart på båten att.
Havvarsel for dei neste timane
25. mai 2018 - 22:43:31
Som dette havvarselet for Marsteinen viser, så aukar vinden på frå nord - og det er mange valg seglarane må ta.
Lønner det seg å gå langt ut kontra inn mot land? Korleis virkar bølge- og straumforhold inn? Det er jamnt mellom båtane når ein ser på korrigert tid på trackinga - så her vil ingenting vera avgjort før dei fleste båtane har passert mållinja i løpet av morgondagen.
Segling i solnedgang!
25. mai 2018 - 22:28:13
No byrjar solnedgangsbileta å koma inn frå seglarane. Her frå Stavangerbåten ZORRO, som har leia feltet det meste av tida.
Instagramkonkurransen
25. mai 2018 - 22:17:49
Deltakarane våre er med i instagramkonkurranse der vinnaren får ein premie frå vår sponsor Norgeshus Vestnorsk Bygg AS.
Me tippar det vil koma ein del flotte solnedgangsbilete der no utover kvelden - og soloppgang i morgo tidleg! Fylg emneknaggen #seilmakeren18 og sjå seglarane sine eigne bilete frå regattaen!
Solnedgang, stilnar vinden?
25. mai 2018 - 22:13:32
FS2 melder om fin seglas og solnedgang. Spenninga utover kvelden og natta vert om vinden stilnar, vil den stå seg, snur den eller aukar den på? Og korleis taklar seglarane at dei ikkje har fått noko pitstop-kvile?
obs. klokka her på livefeeden viser ikkje rett, den ligg faktisk 2 timar bak reell tid.
X-FAKTOR har overteke leiinga i den mellomste klassen
25. mai 2018 - 21:44:02
Harald Matland og Torkjell Tolo i X-FAKTOR leiar no framføre FS2 og VANDAL. Det er tett mellom båtane og det endrar seg fort i denne klassen, så her er ingenting avgjort.
MATHILDA framleis i leiinga i den minste klassen
25. mai 2018 - 21:39:03
Skipper Bjørn Rundhovde og makker Arne Øi frå Nordhordland seilforening held framleis på leiinga i den minste klassen.
Alle båtane i den klassen, utanom om MISS MARIANNE, har no runda nede ved Ramsholmane. MARILD med Stig Gard Paulsen og Matt Kallenberg frå Seilforeningen 1928 held 2.plassen - medan no TAYO har segla seg opp til 3.plass. Her seglar skipper Otto Hægland saman med Ove Gullbrå.
OBELIX (endeleg) i farta!
25. mai 2018 - 21:22:40
Seilmakeren-veteran Knut-Erik Hjorth kunne endeleg melda om at Obelix var i farta. På spørsmål frå oss om kva dei hadde drive med så kom det kontant: Venta på 10'aren på fartsmålaren!
Vel, den ser ut som om at den i såfall har kome loveleg seint - då dei ligg plassert som nr.14 i klassen.
3/4 deler av feltet har runda Ramsholmane
25. mai 2018 - 20:38:37
Store deler av feltet har no runda Ramsholmane og har tatt fatt på turen nordover. Samstundes endrar plasseringane seg - så her er ingenting avgjort.
Ny båt har tatt over leiinga i største klassen!
25. mai 2018 - 20:30:47
Debutantane i lånt båt, Trondheimsseglarane Bård Fjeldaas og Morten Norganger, har tatt over leiinga i den største klassen. Dei seglar ein X-35 One Design som for anledninga har navnet LNX-SHADOWFAX.
LILLEFIX frå Stavanger er no på 2.plass medan HYGGEN IX har tatt 3.plass.
Sikkerhetsbullentin frå TAYO!
25. mai 2018 - 20:01:00
Otto'en set fokus på sikkerheita ombord, det er tross alt ikkje berre berre når ein er kun to langs til havs...
Livet er herlig!
25. mai 2018 - 19:54:21
Spinnakeren står fint og livet er herlig melder dei frå CAROLINA AV ALVØEN! Det handlar ikkje alltid om å koma fyrst, men å nyta opplevinga med å segla regatta - og gjennomføra. Pr.no ligg CAROLINA AV ALVØEN på 14.plass i den mellomste klassen, rett bak fjorårsvinnar VITO på 13.
Spenning i alle 3 klassane!
25. mai 2018 - 19:38:51
I den minste klassen finn me ikkje heilt uventa MATHILDA med Bjørn Rundhovde og Arne Øi frå Nordhordland seilforening i tet, med MARILD rett bak. Stig Gard Paulsen og Matt Kallenberg har kjempa i tet i denne regattaen mange gonger.
På førebels 3.plass ligg no BÅTENVÅR med Anne-Gurine og Harald Gjøsæther.
ZORRO nærmar seg runding Ramsholmane
25. mai 2018 - 19:20:33
Som ein kan sjå på trackinga så nærmar ZORRO seg rundingsmerkene ved Ramsholmane. Dei leiar løpet klart og ligg no som nr 3 i den største klassen. Bak dei i feltet kjem CHABLIS med Ole-Erik Lerøy og Henrik J.Nilsen halsande, med førebels 4.plass i klassen.
Slik var det gjennom Austevoll
25. mai 2018 - 19:06:10
Fridtjof Bergmann, skipper på SERENITY, har sendt oss denne videosnutt der dei segla gjennom Austevoll - likeeins som ZORRO som leiar feltet.
SERENITY ligg no som nr 8 i den største klassen, der LILLEFIX har teten.
Blide seglarar ombord i VANDAL
25. mai 2018 - 18:46:29
Me har motteke denne videohelsinga frå Bård Singstad og Rasmus Tørnquist ombord i Vandal.
No kl.18:45 ligg dei som nr 2 i den mellomste klassen, like bak MISS HELEN med skipper Frode Rønning og makker Paul Paulsen. Som nr 3 har me no JENNY.E med Øivind Fjeldsbø og Thor Olsen.
Seglarne har teke oppfordringa vår!
25. mai 2018 - 17:48:24
Før start oppfordra me seglarane om å senda oss bilder & video undervegs i regattaen, slik at me får ein meir interessant og levande livefeed å presentera. Og dei har teke oss på ordet! Bra! Fortset slik!
Her er ein videosnutt frå TIGERGUTT med skipper Pål Holst og makker Pål Njølstad. Dei ligg pr.no som nr 6 i den mellomste klassen, der X-FAKTOR med Harald Matland har leiinga.
Ein liten rapport frå SERENITY etter starten
25. mai 2018 - 16:51:50
Serenity med skipper Fridtjof Bergmann og makker Oliver Machell - Bergens Seilforening.
Rapport frå Lillefix ute i havet
25. mai 2018 - 16:22:18
Lillefix med skipper Morten Sola og makker Bent Danielsen frå Stavanger ligg som nr 2 i den største klassen. Zorro, også det ein Stavangerbåt, er i tet i klassen - medan far og son Wickman i Winocean ligg som nr.3
Utaskjers kontra innaskjers?
25. mai 2018 - 15:51:49
Førebels ser det ut som innaskjers har vore eit greit valg for dei som har gått der - uttalar regattasjefen når me kikkar på trackinga. Zorro som ligg fremst i feltet har kome ut i ope hav etter å ha gått innaskjers. Dei bak som har teke same valget vil nok verta litt hindra av Stolmasundet.
Det store fleirtalet som gjekk rett ut i havet går godt, men om det faktisk har løna seg vil me sjå når dei møtes etter kvart.
Tracking...
25. mai 2018 - 15:08:43
Fylg båtane på tracking via fane her på regattasida eller via appen "TracTrac" på telefonen/nettbrett.
Ein snutt frå Lillefix på veg ut i havet
25. mai 2018 - 15:00:30
Regattaen er i gang!
25. mai 2018 - 13:34:59
Starten gjekk kl.13:10 - og alle båtane kom seg fint av gårde. Me ynskjer alle deltakarane våre god seglas!
Starten på årets seilas
25. mai 2018 - 13:18:40
Da har starten gått. Litt syd av Klokkarvåg. Som det fremkommer av bildet er det en som er litt ivrigere enn de andre.
Solkrem & solskinnsregatta
25. mai 2018 - 11:49:45
Det ser ut som at dei fleste seglarane har hugsa solkremen, i allefall ser me allereie det ut frå instagrambileta merka #seilmakeren18
Her frå @morten148: "Muligens dagens viktigste oppgave" #seilmakeren18 #norgeshus #nøttebrunogfinførdagenerover
Prosedyre for utsett start er gjennomført.
25. mai 2018 - 11:06:54
Då er starten offisielt utsett og startbåten går sørover mot avtalt møtepunkt i Lerøyosen.
Starten er flytta
25. mai 2018 - 09:40:38
Regattasjefen har teke avgjersla om å flytta starten sørover. Møtepunkt er mållinje i Lerøyosen.
Rormannsmøte
25. mai 2018 - 08:28:57
Rormannsmøte kl.09:00 i 2 etasje i servicebygget.
Varselsignal kl.10:55
Startsignal kl.11:00
Ein strålande dag for regatta og me gledar oss til å koma i gang!
Roen har senka seg...
24. mai 2018 - 22:31:38
Roen har senka seg over seilsportsenteret. I tillegg til fuglekvitter så registrerer me lydane av skrumaskin... Dei siste justeringane er i gang til morgondagen.
Registrering
24. mai 2018 - 22:22:16
Då har roen senka seg over Askøy Seilsportsenter - og dei aller fleste deltakarane har allereie gjort unna registreringa.
For dei som skal registrera seg i morgon før start, ver ute i god tid - så slepp regattasjefen å stressa så fælt.
Regattasjefen er klar for morgondagens regatta
24. mai 2018 - 19:46:26
Sola skin, registreringa er i gang og me gledar oss til morgondagens regatta med 37 båtar på startlinja!