Etter målgang er alle seglarane velkomne til Askøy Seilsportsenter, til grilling, drøs, og premieutdeling. Sjantisong blir det også!
Når båtane byrjar samlast på Askøy Seilsportsenter, tenner vi grillane. Grillmaten må seglarane ta med sjølve. Vi har rigga til med bord både inne i båthallen og på terrassen utanfor det gamle klubbhuset (med telt over), så om det skulle regna litt så skal ikkje det øydeleggja kvelden. Kl 19 får vi vitjing av "Gubbekoret" frå Follese, og når resultata frå seglasen er klare vert det premieutdeling. Dei som vil kan overnatte i båtane i hamna. Landarrangementet vert avslutta kl 23:00, og ein time seinare skal det vera ro i hamna.