Då er det førtiande Askøy Rundt, Nautic Askøy Rundt 2018, historie. Det vart ein luftig seglas i typisk seglmakarver, men vonleg vart det ikkje alt for store skader på segl og anna utstyr.
I NOR-rating-klassane vart tretalsystemet bruka, og det var ingen tvil om at vindkategorien "mykje vind" måtte leggjast til grunn for resultatutrekninga; det bles meir enn 10 m/s på mesteparten av banen, sjølv såg eg 16 m/s på det meste, andre seier dei har sett opp til 18 m/s. Og sjølv om regnet hølja ned under store deler av seglasen, var det berre blide folk å sjå på landarrangementet.
Takk for i år, og me vonar å sjå dykk alle att til neste år, saman med mange andre!
Ein del bilete frå premieutdelinga ligg no ute på biletgalleriet nederst på sida.