
SPZ Seilmakeren Doublehanded tel mykje i Seilmagasinets shorthandedranking
9. mai 2019
Seilmagasinet si shorthandedranking baserer seg på plasseringa ein seglar får i ulike regattaer i løpet av året. Berre ein regatta tel meir enn SPZ Seilmakeren Doublehanded i 2019
På Seilmagasinet si heimeside under menypunktet Ranking, finn du ei liste over regattaer som tel med i Seilmagasinets Shorthandedranking 2019. Kvar av regattaene har eit vekttal; jo høgare vekttal, jo meir tel plasseringa i denne regattaen samanlikna med andre. På lista er det få regattaer på Vestlandet, og ingen har høgare vekttal enn SPZ Seilmakeren Doublehanded, 1.50. Berre Raymarine 2Star, arrangert av Fredrikstad Seilforening, har høgare vekttal.
Så kva betyr dette? Jo, det betyr at alle shorthandedseglarar med ambisjonar om å klatre på denne lista MÅ segle denne regattaen. Til no er berre 24 båtar påmeldt. Det er plass til mange fleire på sjøen. Og det er enno 12 dagar att av påmeldingsfristen!
10 nyeste påmeldinger

NOR 11921
Roy Nilsen

NOR 11968
Arvid Høgelid

NOR 10921
PÅL HOLST

NOR 11102
Morten Fotland

NOR 10844
Kjell Ove Klungrehaug

NOR 11555
Harald Gellein

NOR 11044
Paul Øyvind Mehammer

NOR 14452
Per Aga

NOR 6874
Jon Hardie

NOR 11459
Kristian Bekkenes