Startlister
Startlister klare
16. august 2019
Påmeldinga er avslutta, med 46 påmelde båtar. Klassane er fordelt på to startar.
I den første starten (startflagg D) går dei to raskaste NOR-rating-klassane B og C, til saman 18 båtar, og i den andre starten (startflagg E) går NOR-rating A, Shorthanded, Uten spinnaker, og Tur, til saman 28 båtar. Last ned og skriv ut.
Herdlefjorden og Hjeltefjorden
Etteranmeldings-kontingent:
Nautic Askøy Rundt 2019
Laurdag 17.august har Askøy Seilforening gleda av å invitera til Askøy Rundt for 41. gong, denne gongen kalla Nautic Askøy Rundt etter hovudsponsoren!
Dei fire siste åra har den tradisjonsrike regattaen vore arrangert som 1-dags regatta, og slik blir det også i år. Men om noko er modernisert er mykje ved det same; me ønskjer framleis å profilere dette som ein familieregatta.
Starten går aust av Askøy ved Askeneset og det vert segla nordover Herdlefjorden og så sørover Hjeltefjorden med målgang vest for Ramsøy.
Etter målgang vert det premieutdeling og seglarfest på Askøy Seilsportssenter. Meir om dette kjem under "for deltagerne" i menyen etter kvart.
For deltakarar som treng hamneplass frå fredag til sundag tilbyr me gratis hamneplass på Seilsportsenteret desse dagane.
Årets regattakomite for Nautic Askøy Rundt ynskjer alle små og store seglarar hjarteleg velkomne!