Snøføyka
Regatta for T/H på Hjeltefjorden 15. mars
Det vert start og innkomst ved Anglevik, seglas på faste merker, varm suppe, bilete frå seglasen på storskjerm og premieutdeling i klubbhuset etterpå.
Onsdag 2. april
Mandag kl. 1100:
Resultata publisert - klassevinnarane klare
23 båtar segla Snøføyka i lett vestavind. Løpet gjekk gjennom trange sund og inneheldt både kryss, slør og lens som krevde fleire taktiske og strategiske val av seglarane. Ran Seilforening takkar seglarane for fin seglas og tolmod med den langdryge resultatservicen.
Premieutdelinga går føre seg i samband med Isbjørnen-seglasen 5. april. Nærare info kjem etterkvart.
Klassevinnar NOR Rating utan spinnaker: Majuca - skipper Lars Hovland
Klassevinnar NOR Rating <0,9300: Whiplash II - skipper Andre Farstad
Klassevinnar NOR Rating 0,9301-1,000: First Mandela II - skipper Henrik Julius Nilsen
Klassevinnar NOR Rating >1,001: Scirocco III - skipper Aage Hedegaard-Larsen
Oppdatering sundag kl. 1900:
Manglande måltal ok, datakrøll forseinkar framleis resultata
Båtane som mangla måltal frå Nor Rating har etterkvart fått tildelt dette. Likevel er det skjer i sjøen i form av å få datasystema til NOR Rating og resultatsystemet til Seilmagasinet til å kommunisera med kvarandre fullt ut. Det vert arbeidd med saka både aust og vest for vasskiljet, men førebels er ikkje saka laust. Ran Seilforening orsaker dette og vil sjølvsagt publisera resultata så snart det er mogleg.
Laurdag kl. 1715: Manglande måltal forseinkar resultata
6 av båtane i regattaen har betalt for 2014-måltal, men har ikkje fått oppgitt nytt måltal. Dette gjer det umogleg for Ran Seilforening å lage resultatliste og halde premieutdeling på det noverande tidspunkt. Ran Seilforening kan berre orsake til seglarane. Premiane for Snøføyka vil bli delt ut på Isbjørnen 5. mars. Resultatlista vert publisert her så snart som råd. Ran Seilforening takkar alle seglarane for ein fin dag på fjorden.
Laurdag kl. 1615: Alle båtane i mål på utvida maksimaltid
Maksimaltida vart utvida med 60 minutt og då kom alle båtane i mål. Fyrste båt, First Mandela II, gjekk i mål kl. 15.06.43 og siste båt Alhena var inne klokka 16.12.09. No ventar varm suppe og bilete frå dagens seglas før det vert premieutdeling.
Laurdag kl. 1445: Lett vestavind under regattaen
Båtane er sendt ut på løp nr 5: Start - kryss gjennom Storesund, kryss vestover Ettersundsosen, Geitanger om styrbord, medvind inn til Gullskjær som vert runda om babord. Kryss vestover til bøye ved Gaupo, medvind derifrå til avkorting ved Skorpo. Meir info kjem snart!
Fredag kveld: Foredrag med Karl Otto Book
Karl Otto Book fortalde mykje spanande om medvindssegl. Foto: Svein Holmefjord.
Planlegg du å leggja båten i Ran frå fredag til laurdag?
Ran Seilforening sitt hamneanlegg har fått hard medfart tidlegare i vinter. Det foregår for tida planleggjing av reparasjonsarbeid og dialog med forsikringsselskap. Med meldingar om kortvarig opp i full storm fredag kveld frå vest dreiande til nord vil Ran Seilforening ikkje vera ei god hamn å liggja frå natt til laurdag 15. mars. Ran Seilforening vil difor oppmoda tilreisande båtar om å sterkt vurdera andre hamnealternativ. Dette gjeld både med tanke på båten sin tryggleik og Ran Seilforening sitt hamneanlegg.
Har du gyldig målebrev?
I samråd med Hordaland Seilkrets sitt T/H-utval vil Ran Seilforening minne om at konsekvensen for båtar uten gyldig NOR Rating målebrev er at dei vert flytta til TUR-klassen. Der foregår premieutdelinga pr. loddtrekning til 1/3 av båtane. Hugs at du framleis kan ordne målebrevet på http://www.norrating.org!
Oppvarming til Snøføyka fredag kveld kl. 2000
Du finn meir info om fredagsforedraget på denne linken
Påmeldinga er i gang!
Sjå førebelse resultat for Vintercupen på denne linken.
Velkomen til årets Snøføyka!