Stordmesterskap i seiling!
Stordmesterskap i seiling er ein nyvinning av året. Den består av 3 baneseilasar og to distanseseilasar og går av stabelen 22. og 23. august. Delen med distanseseilas er Håkonarseilasen som også kan seiles separat om ein ikkje har interesse for å være med på baneseilas delen.
Det henvises til seilingbestemmelsene for nærmere informasjon, men fylgjande informasjon er klart:
3 baneseilasar gjennomføres mellom kl 11 og ca kl 14 på lørdagen før Håkonarseilasen startar kl. 15.55. To av baneseilasane går på den etter kvart kjente utlagt bane på vikafle, ein går med-urs, ein går mot-urs. Det vil i tillegg bli seilt ein seilas moturs der bøye ved Aslaksvikjo droppes. Det seiles kun to rundar pr seilas.
Merk at alle seilasene går etter Gundermetode, ein må derfor finne sitt starttidspunkt i tabellene som vil bli lagt ut her. Vindstyrke settes rett før start og kommuniseres ut til båtene og legges også ut på Facebook sidene våre om ein f.eks kjem seint og ikke rekk å få tak i informasjon.
Merk at det vil bli to forskjellige starttider sidan det eine løpet er kortare enn dei to andre. Det kan også komme endringer i vindstyrke for løp 1, 2 og 3.
Det er ein felles klasse for NOR_rating for å kunne kåre ein mester, men det er i tillegg tur-klasse for dei som ikkje har målebrev f.eks
Det vil bli gitt 5-minutt startsignal for første båt der dei øvrige båtane må justere sitt starttidspunkt etter dette.
Første startsignal gis kl.10:55, på dei to påfølgande regattaene vil første startsignal gis 10 minutt etter at siste båt har gått i mål!