Få med deg familie, vener, kollega eller andre seglvener og bli med på regatta rundt Askøy.
Bli med på årets Askøy Rundt!
10. august 2016
Det er no på tide å ordna med påmeldinga til årets utgåve av Askøy Rundt!
Pr. i dag onsdag er det kun 17 båtar som er registrert på deltakarlista. Kan det ha noko med all nedbøren me har hatt siste månaden her i vest? Uansett, tradisjonen tru så dukkar nok sola opp att no før skulestart og den tradisjonelle Askøy Rundt helga!
Tradisjonell regatta i modernisert utgåve!
Me fylgjer no fjorårets konsept med eindags-regatta med start ved Askeneset, seglar så nordover Herdlafjorden, rundar Herdla og så sørvoer Hjeltefjorden med målgang vest for Ramsøy.
Etter målgang går alle båtane inn til Askøy Seilsportsenter der me har felles grilling, aktivitetar for små og store, premieutdelingar og seglarfest.
Så kom og bli med på årets mest sosiale regatta, Askøy (nesten) Rundt, som i år vert arrangert for 38.gong!