Etter veker med nok av regn, så ser det endeleg til at det snur og at me no får sola tilbake. Då hiv me av oss regntøyet og gjer oss klar for årets utgåve av Askøy Rundt!
Pr. i dag, måndag morgon, så er det 26 båtar på deltakarlista. Askøy Seilforening og Askøy Rundt komiteen ynskjer at mange fleire melder seg på og vert med på ein kjekk & sosial regatta/regattahelg.
Kai og båthall på seglsportsenteret er rydda og klart - og me gler oss stort til å treffa seglvener etter ein heller våt sommar her i Bergensområdet.