Arrangementskomiteen med regattasjefen i spissen, har no hatt komitemøte - og kome fram til at me ynskjer å forlenga påmeldingsfristen for å få med fleire båtar i årets regatta.
Absolutt siste frist for påmelding er no sett til fredag 19.august kl.15.00.
Regattasjef Finn Espeseth håpar difor at no fleire ser at me får eit strålande ver laurdag - og at me då vil få ein flott dag på fjorden!
Så kom ned frå gjerdet, skrap saman litt mannskap, fiks påmeldinga og bli med på Askøy Rundt!
Askøy Seilforening ynskjer hjarteleg velkomen til regatta og ei sosial helg!